Politiet åtvarar:

Vanskelege køyreforhold i Nordfjord

  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Det vert meld om vanskelege køyreforhold fleire stader i Nordfjord onsdag kveld.

På kvelden stod to vogntog fast på snøføre på rv 15 ved Langesethøgda i Stryn. Det vart jobba med å legge på kjettingar, men det var muleg å passere, melder Vest politidistrikt.

Fleire bilistar har meld om store mengder vatn i vegbana på fv 60 mellom Stryn og Loen/Olden. Fleire personbilar har også køyrt i grøfta på rv 15 mellom Stryn og Kjøs.

Vest politidistrikt melder at det er venta brått temperaturfall i løpet av natt til torsdag i heile distriktet.

- Det vert meld ned mot 2-3 grader i Bergensområdet og langs kysten i morgon tidlig, kaldare lengre inn. Sludd/snøbyger og storm m/kraftige vindkast. Til obs om du skal ut å køyre i morgon tidleg og ikkje er skodd for føret, skriv politiet på Twitter.

Ifølgje vermeldinga kan det kome lokalt mykje snø i Nordfjord det komande døgnet.

På E39 ved Lotetunnelen, mellom Lote og Nordfjordeid, er det trafikale utfordringar grunna snø og sludd som legg seg i vegen.

Flyplassen på Hovden er stengd grunna store mengder snø onsdag ettermiddag og kveld. Det har verken landa eller letta fly frå flyplassen på Hovden sidan kl. 16. Sidan ingen fly får lande onsdag kveld, er også avgangane torsdag morgon innstilt, skriv VG.