Krev tiltak før neste sommars «turistinvasjon»

Innbyggjarar på Rake og Oppheim i Loen krev at det blir gjort tiltak på den kommunale vegen som går frå fylkesvegen og til Oppheim. - At det ikkje har skjedd alvorlege ulukker der er eit under.

Krev tiltak: Innbyggjarar på Rake og Oppheim ber kommunen gjere tiltak på vegen frå fv 60 og til Oppheim  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

Det er Inge-Jarl Tennebø som har forfatta brevet til kommunen, der det følgjer med ei underskriftsliste med 18 namn. Tennebø dreg fram at vegen er i svært dårleg stand, samstundes som ein opplever stor trafikkauke som følgje av Hoven og Rakssetra sin auka popularitet.