Luftig ballongferd frå Liverpool til Oppstryn

– Eg trudde først det var ei drone som kom flygande ned frå Skålabreen.

Langreist: Astrid Sandvik, møbelsnekkar ved Tonning og Stryn AS, med ballongen som altså har «overlevd» ferda på heile 1.110 kilometer frå storbyen Liverpool, over Nordsjøen, til Fosdalen i Oppstryn. – Det er ganske utruleg, seier Astrid Sandvik som gjerne sender den tilbake. Historia bak er nemleg nøsta opp.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Astrid Sandvik, busett på Fosnes i Oppstryn, var på søndagstur inne i Fosdalen sør for Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Ho har gått tur i denne dalen tallause gonger før, men søndag fekk ho auge på noko skinande blankt som dreiv ned frå Skålabreen.