Politiet skreiv ut bøter etter fest

Vest politidistrikt skreiv i helga ut bøter til 13 personar som var samla til fest i ei leilegheit.

Politiet skreiv ut 13 bøter etter privat fest i helga.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

I følgje politiet si pressemelding var 15 personar til stades på festen. To av personane kom seg ut før politiet fekk notert personalia. Dei øvrige 13 er ilagt førelegg, 12 for deltaking på privat samankomst og ei som privat arrangør av og deltakar på samankomsten.

Bøtene for deltaking på samankomsten er sett til kr 5.000,- medan bota for arrangør er sett til kr 10.000,-.

Bøtesatsene er i samsvar med Vest politidistrikt sine interne påtaledirektiv. Førelegga er skrive etter ordre frå Statsadvokaten i Hordaland, Sogn og Fjordane.

Deltakarane var i 20-30-årsalderen og har overfor politiet gitt uttrykk for at dei har gjort noko dumt og angrar.

- Det er framleis av stor betydning at folk innrettar seg etter smittevernlovgjevinga som best dei kan. Politiet ønskjer å løyse situasjonar med rettleiing og dialog, men klare og bevisste brot vil bli møtt med reaksjoner, seier påtaleleiar i Vest politidistrikt, Gunnar Fløystad.