Ungdom dømd for promillekøyring på MC

Betinga fengsselsstraff, 5.000 kroner i bot og 18 månader sperrefrist for å ta førarkort.

Sogn og Fjordane tingrett.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Det er straffa for ei ung jente som køyrde lett motorsykkel i ruspåverka tilstand ein stad i Stryn kommune tidlegare i år. Køyringa skjedde før jenta hadde fylt 18 år og resulterte i uhell der ho sjølv vart skadd. Blodprøve teke tre timar etter uhellet viste 0,85 i promille.