– Kjedeleg og lite sosialt for unge i koronatida

Stressande, kjedeleg og lite sosialt. Slik er livet for tida for mange unge i Stryn kommune på grunn av koronasituasjonen, fortel Stryn ungdomsråd.

Stryn ungdomsråd: Leiar Mina Flo Håvik (f.v.), medlem Jon Marius Sollid (styremedlem i Telegrafen ungdomskafe) og varamedlem Stine Solberg ( leiar i elevrådet ved Stryn vgs.)  Foto: Sigrid Heggestad

Ein mistar litt motivasjonen. Folk ser fram til juleball og skuleturar, og så blir det avblåst. Det er skuffande.

Magdalena Kacperska
Nyhende

På eit møte tysdag fekk ungdomsrådet innspel om dei kunne uttale seg om korleis unge har det under koronatida i Stryn kommune.