– Tiltaket går langt utover det vi vurderer som enkel tilrettelegging

– Vi er tvilande til om det er behov for å leggje grus eller byggje trapper langs heile denne traseen, skriv Fylkesmannen i ei fråsegn til Stryn kommune. Det er Loen Skylift som har planar om å ruste opp ein sti.

Oppgradering av sti: Årheimsfjellet og Nøkketjønna sett frå Skredfjellet. Det er søkt om å ruste opp stien mellom Nøkketjønna og Skredfjellet. – Vi ser at stien ikkje toler den trafikken den er utsett for, blir det mellom anna skrive i søknaden.   Foto: bengt flaten

Nyhende

Stien det er snakk om går mellom Nøkketjønna og Skredfjellet i Loen.