- Dugnaden er viktigare enn nokon gong

Kommuneoverlege i Stryn, Marius Solbakken.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

To personar i Stryn kommune har fått påvist koronasmitte, og 18 personar er sett i karantene.

Kommuneoverlege Marius Solbakken minner om følgjande:

Alle som vert sjuke med feber og/eller luftvegssymptom skal ha låg terskel for å teste seg. Du kan være smittsom med koronavirus 48 timer før du får symptom på forkjølelse.

Du skal halde deg heime til du har fått negativt svar på testen og føler deg frisk.

Får du sjukdomskjensle/symptom i karantene skal du halde deg isolert, testast, og resten av husstanden skal då vere i karantene.

Du utset deg sjølv og andre for ein mykje lågare smitterisiko om du har få nærkontaktar i kvardagen, held god avstand til andre og har god handhygiene.

Smitte på tross av avstand

Dei siste smittetilfella i Nordfjord viser oss at smitten kan skje over 2 meters avstand, spesielt om ein oppheld seg inne med andre. Det er difor tryggast å møte andre ute, og det er viktig med god utlufting inne. For at vi skal ha kontroll over smitten skal også nærkontaktar til dei som er smitta setjast i karantene. Dette for å unngå vidare smitte i kommunen. Har du fått beskjed om å vere i karantene er det difor viktig at du ikkje er i kontakt med andre enn dei i din eigen husstand. Får du sjukdomskjensle/symptom i karantene skal du halde deg isolert, testast, og resten av husstanden skal då vere i karantene.

Ta vare på risikogruppene
Dugnaden er no viktigare enn nokon gong, sjølv om vi alle er lei av koronaen sine konsekvensar. Heldigvis er vi nærare ein effektiv vaksine. Hald ut, ta vare på dine næraste og dei som blir sjukare av korona enn deg sjølv! Vi veit det er mange som er einsame, kanskje fordi dei sjølve er i risikogruppene. Kanskje det er i kveld du skal ta ein prat i telefonen med ein venn det er lenge sidan du har sett?