Båtskyss med Olden Raude Kross

Ta kontakt med Olden Raude Kross Hjelpekorps om du treng båtskyss forbi rasstaden!

Olden Røde Kors. (Illustrasjon)  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

- Olden Raude Kross Hjelpekorps har teke på seg ansvaret for å frakte personar med båt forbi rasstaden og stengd veg i Oldedalen. Dette gjeld dei som må kome seg opp og ned dalen, seier ordførar i Stryn kommune, Per Kjøllesdal.

Dei som treng båtskyss, kan ta direkte kontakt med Olden Raude Kross Hjelpekorps på telefonnummer 91763326.