Bilførarar stoppa for mobilbruk i Innvik

Illustrasjon 

Nyhende

UP gjennomførte laserkontroll i Innvik fredag, og to bilførarar vart stoppa for å bruke mobiltelefon medan dei køyrde. Den eine fekk forenkla førelegg, medan den andre fekk gebyr. Når det gjeld fart, fekk åtte førarar forenkla førelegg i 50-sona. Høgste fart vart målt til 65 km/t, opplyser UP-patruljen.