Endå eit nytt smittetilfelle i Stryn

Stryn kommune har laurdag kveld fått stadfesta eit nytt tilfelle av Covid-19.
Nyhende

- Denne personen er nærkontakt til smitta person i Stad. Personen har dei siste dagane hatt symptom på luftvegsinfeksjon og er isolert. Ein person er sett i karantene, opplyser Stryn kommune på heimesida si laurdag kveld.

Mange personar i Nordfjord har no fått påvist smitte med covid-19 kopla til kontakt med ein person som har vore på reise til Bergen. Alle personar med påvist smitte er i isolasjon og alle nærkontaktar er sett i karantene, og vert følgde opp med testing.