Startar aktivitetar for å motverke einsemd

Vikane og Stryn omsorgssenter har fått tilskot for å skape aktivitetar og motverke einsemd, både blant eldre som bur heime eller er bebuarar på omsorgssenter.

Arbeidsgruppa for Vikane: Frå venstre Kari Runde, aktivitetsleiar Kari – Anne Tisthamar Haveland og Anne Karin Hafsås. (Ikkje til stades Veronica Hilde, Tord Bruland og Anita Aaning). 

Nyhende

Koronapandemien har ramma oss alle hardt dette året, og for mange har det vore ei einsam tid med avgrensingar på sosialt fellesskap, aktivitetar og stengde møteplassar.