Loen barnehage:

Tenkjer større utbygging -men tiltaket er ikkje med i budsjettframlegget

I budsjettvedtaket i fjor vart det løyvd 6,1 millionar til utbygging ved Loen barnehage, men ei utviding av prosjektet, i tillegg til ei flaumfarekartlegging, har sett prosjektet på vent.

Større utbygging: Kjell Solheim orienterte formannskapet om status for utbygginga ved Loen barnehage. Ein ser føre seg ei noko større utbygging enn den som først var tenkt. Då tengst det ytterlegare 3,1 millionar i løyvingar.  Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust

Nyhende

Fungerande kommunalsjef for skule og kultur, Kjell Solheim, orienterte i formannskapet om status for Loen barnehage. I samband med budsjettet for snart eitt år sidan vart det vedteke å starte utbygging av barnehagen i år, og det vart løyvd 5,6 millionar i 2020 og ytterlegare 0,5 i 2021.