Uver på Strynefjellet

- Ikkje køyr over fjellet i dag!

Vanskelege køyreforhold på Rv 15 Strynefjellet.  Foto: Gunnhild Sindre/Arkiv

Nyhende

Meterologane og Statens vegvesen melder om aukande uver i fjellet, og laurdag føremiddag var det kolonnekøyring på Rv 15 Strynefjellet.

– Viss du ikkje må over fjellet, er nok dette ein slik dag der du ikkje bør besøke fjellet, seier trafikkoperatør Ketil Molvær til NRK.

Tett snøvêr og kraftig vind gjer at det er dårleg sikt på mange fjellovergangar i Sør-Norge.

HER kan du halde deg oppdatert på trafikkmeldingane på fjellovergangar i Sør-Norge.