Skråblikk frå Reidar Ladehaug:

723b

Smarttelefon: – Sjølv treng eg tid, må leite, tenkje, har for store fingrar, skriv Reidar Ladehaug i sine humoristiske betraktningar kring tida før og etter smarttelefonar og nettbrett.   Foto: /Illustrasjon: Roy Aron Brenvik Myklebust

Fjesbok og snapchat, podcast, streaming og instagram, eller kva det no heiter alt saman. Trass det positive, som er så opplagt, kjenner eg likevel på at noko må vere tapt.

Nyhende

Du ser det overalt! Særleg blant ungdommane ser vi det. Men ikkje berre, vi som har passert middagshøgda, vi fiklar vi òg. Saktare tempo javel, fleire bommar javel; dèt kan vi leve med. Desse unge hestehalane med ubrukte fjes, desse hengslete unggutane, enno utan bukfett og med kæpsen bakfram. Dei er så kjappe! Eg blir fascinert - og kanskje litt misunneleg - over tommeltottane deira, kor fort det går! Som kolibrivengjer, eller som fingrane te Leif Ove der han virtuost målbær musikalsk Chopin sine etyder. Dei er så flinke, så snaue. Tenkjer eg, og tar av meg hatten. Noko eg definitivt ville gjort om eg hadde hatt hatt. Sjøl treng eg tid, må leite, tenkje, har for store fingrar. Tempoet er ulikt; det blir på ein måte som å lytte til Trygve Hegnar vis a vis Ole Torp, tempoet er ulikt….