Etterlyser tilbakemelding frå Stad om felles forliksråd

Stryn og Stad kommunar skal ha felles forliksråd. No ber Fylkesmannen i Vestland om tilbakemelding frå Stad.

  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Vi viser til brev av 29.09.2020 frå Stryn kommune der det går fram at kommunane Stad og Stryn skal ha felles forliksråd frå 01.01.2021. Fylkesmannen har fått melding om val av medlemar frå Stryn kommune, men vi kan ikkje sjå at vi har mottatt melding frå Stad kommune. Vi ber difor om at dette vert sendt til oss så snart som mogleg, skriv seniorrådgjevar hos Fylkesmannen, Marte R. Karlsen.