Koronasmitte i Stad

Illustrasjon:  Foto: Stian Lysberg Solum

Nyhende

Éin ny person har testa positivt for covid-19 i Stad og sit no i heimeisolasjon, melder Stad kommune onsdag morgon.

Personen var allereie i karantene som nærkontakt til ein person med påvist smitte, og smittetilfellet har ikkje ført til nye nærkontaktar i saka. Ifølge pressemeldinga er smittetilfellet kopla til den kjende saka der smittevegen kan sporast tilbake til Bergen.

- Personen som no fekk påvist covid-19, var éin av nærare 60 personar som vart testa i Stad kommune måndag denne veka. Ingen andre testa positivt, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.

Drosjesjåfør anmeldte koronasmitta passasjer

Måndag meldte ein drosjesjåfør i Stad kommune ein passasjer til politiet etter å ha funne ut at passasjeren hadde påvist koronasmitte, skriv NRK Vestland

– Det er rimeleg idiotisk og totalt unødvendig. Då har eg brukt fine ord. Eg var ikkje blid då eg fekk høyre dette, seier han til kanalen.

Han har meldt passasjeren til politiet for både brot på isolasjonsplikta og for tap av inntekt, sidan drosjesjåføren er sjølvstendig næringsdrivande og har tapt inntekt ved å sitte i karantene.

Politiet, som etterforskar saka, seier at den same personen som tok drosje, har fått åtvaringar frå politiet tidlegare.