Skiskyttarane set kursen mot Finland

Sesongen to første verdscuprundar i skiskyting går av stabelen i Finland. Brørne Bø er ikkje uventa blant utøvarane som set kursen austover.

Verdscup: Johannes Thingnes Bø (t.v.) og Tarjei Bø er blant utøvarane som skal gå verdscup i Finland.   Foto: ragnar singsaas

Nyhende

Norges Skiskyttarforbund har gjort uttak til sesongens første og andre verdscup 25. november til 6. desember i finske Kontiolahti.

Herrane som skal delta er Erlend Øvereng Bjøntegaard (IL Beveren), Johannes Thingnes Bø (Markane IL), Tarjei Bø (Markane IL), Vetle Sjåstad Christiansen (Geilo IL), Johannes Dale (Fet Skiklubb) og Sturla Holm Lægreid (Bærums Skiklubb).

Johannes Thingnes Bø har vunne verdscupen samanlagt dei to siste sesongane.