Grodås Aust er asfaltert og nær ferdig:

Tilrettelagt for utbygging på Grodås i fleire ti-år framover

Den kommunale delen av Grodås Aust er på det næraste ferdig. Dermed er infrastrukturen lagt for vidare utbygging og utvikling av ein ny «bydel» på Grodås.

Asfaltering: Grodås Aust som ny «bydel» på Grodås vert ferdigstilt i desse dagar. Frå venstre Pål Are Vadstein, Volda kommune sin prosjektleiar, Mona Seljeset og Jens Vinsrygg hos hovudentreprenør Vinsrygg Maskin.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Dette er sentrumsutvikling av beste slag, seier Pål Are Vadstein, Volda kommune sin prosjektleiar for bygging av infrastruktur som veg, gangveg, vatn og kloakk på Grodås Aust. Onsdag konstaterte han nøgd at arbeidet med å asfaltere nye vegar og gangveg gjekk som planlagt. Målet var å gjere dette arbeidet førre veke, men då kom det store mengder snø.