– Når det blir forhold til å opne anlegget veit vel ingen, men vi har eit håp om sesongstart før jul. Det hadde vore ideelt, fastslår dagleg leiar for skisenteret på Utvikfjellet, Runar Kleppe som har førre sesong ferskt i minne. Grunna snømangel vart det ikkje sesongstart før i midten av februar i år. Når snømengdene endeleg kom, gjorde koronaen sitt inntog og sette ein effektiv stoppar, også for skianlegget på Utvikfjellet.
– Vi fekk berre 17 dagar med drift, så det vart ein utruleg kort og spesiell sesong. Vi tapte nok 500.000 kroner berre i påska, fortel Kleppe.
Breimsbygda skisenter:
Måtte stenge etter berre 17 driftsdagar
– Koronasituasjonen kan slå begge vegar
Noko han også hugsar godt var dei enorme snømengdene.
– Eg har nok aldri før sett slike snømengder her. Vi kunne hatt skianlegget ope til 17. mai om det ikkje var for korona, fortel Kleppe.
Spenna klar: – Sesongstart før jul hadde vore ideelt, seier driftsleiar Runar Kleppe som har håp om ein betydeleg lenger sesong enn den førre. Her frå februar i år. Foto: Roger Oldeide
Koronapandemien med visse restriksjonar vil truleg gjere seg gjeldande også i vinter, men det kan slå begge vegar for skianlegget, trur Kleppe.
– Om ikkje restriksjonane er altfor strenge, kan det vere positivt for oss om ein kan seie det slik. Ein del folk vil droppe å reise til større skidestinasjonar og bruke Utvikfjellet i staden, forklarar Kleppe.
Han legg til at skisenteret vil vere nøye på alle gjeldande smitteverntiltak når den tid kjem.
På dugnad: Fjellstova har fått stell og nye vindauge i haust, finansiert av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Bygget er eigd av Breimsbygda Idrettslag. Foto: Runar Kleppe
Har rive gamleheisen frå 1967
Elles er det utført ei rekkje byggtekniske førebuingar ved Breimsbygda skisenter. Mellom anna fjerna dei nyleg den gamle skiheisen frå 1967.
– Den har ikkje vore i bruk sidan 2013, så det var på høg tid vi fekk fjerna den, seier han.
Gamleheisen: Den gamle skiheisen frå 1967 vart riven i haust. Den har ikkje vore i bruk sidan 2013. Foto: Runar Kleppe
Vidare er ein del vindauge på fjellstova bytta ut, gjerde og tak er reparert og vegger er måla.
– Så planlegg vi for eit større lovpålagt vedlikehald av heisanlegget. Vi er godt i rute så no kan snøen berre kome, seier Kleppe som trur folk er ekstra klare for snø no midt i mørketida med ein pågåande koronapandemi.
– Vi køyrde opp lysløypa med spor førre fredag, og eg har vel aldri sett så mykje folk gå på ski der så tidleg. Det er tydeleg at folk er spenna klare for å få ski på beina, konkluderer Kleppe.