Karoline Vinsrygg frå Stryn:

Får halde ut husarrest litt til

Karoline Vinsrygg frå Stryn og dottera hennar er som dei fleste leie av husarrest og isolasjon i London, og ser fram til vaksine og eit meir normalt liv til våren.

Oversikt på muren: Dottera Elkie (8) har klatra opp på porten ved huset sitt for å lese og snakke med naboar som går forbi.  Foto: Karoline Vinsrygg

Nyhende

– 2020 har vore langt som eit uår. Vi sit fast i London og på vår tredje lockdown no. Det er ikkje noko stas, no er vi leie, fortel Karoline Vinsrygg frå hovudstaden i Storbritannia.