Bedriftseigar dømd til 60 dagar fengsel

Ein bedriftseigar i indre Nordfjord er dømd til 60 dagar fengsel for økonomiske brotsverk.

Dom: Den dømde bedriftseigaren må sone 45 av dei 60 dagane av dommen, samt tole inndraging av 90.000 kroner.  Foto: Bengt Flaten (arkiv)

Nyhende

Brotsverka vart oppdaga etter at transportfirmaet mannen eigde hadde gått konkurs. I sin gjennomgang av saka såg bustyrar at det ikkje var ført rekneskap frå midt i 2015 til april 2017. Mannen forklarte i retten at han hadde gått over til nettbasert rekneskapsprogram som skulle gjere det enklare å føre rekneskapen sjølv. Men fordi han arbeidde mykje, orka han ikkje føre rekneskapen.