Avgrensingar på tal besøkande i butikkar:

– Folk er flinke og spreier handelen

– Her får det vere maksimalt 30 personar i butikken samstundes. Hittil har det gått veldig bra, og kundane viser stor forståing seier butikksjef ved Bunnpris i Stryn, Cecilie Langø Hogrenning.

Går fint: Alle kjøpesenter og butikkar fekk oppmoding om å innføre avgrensingar i talet på besøkande slik at det er mogleg å halde avstand, og dessutan ha inngangskontroll då regjeringa la fram strengare smittevernreglar rett over nyttår. – Ved Bunnpris i Stryn tillèt vi maks 30 personar samstundes i butikken. Kundane viser stor forståing, seier butikksjef Cecilie Langø Hogrenning.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Søndag kom regjeringa med strengare tiltak for å redusere spreiinga av covid-19. Til dømes fekk alle kjøpesenter og butikkar oppmoding om å innføre avgrensingar i talet på besøkande slik at det er mogleg å halde avstand, og dessutan ha inngangskontroll. Så langt ser det ut til at det går bra ved butikkane i Stryn.