– Det må ikkje bli Hornindal mot Volda, seier ordførar Sølvi Dimmen

– Tok fatt på jobben med ærefrykt

Sølvi Dimmen ser tilbake på sitt første år som ordførar for ei heilt ny kommune.

Første år: Sølvi Dimmen (52) kan sjå tilbake på sitt første år som ordførar for nye Volda kommune. Handtering og førebygging av koronapandemien har sett sitt preg på jobben. – Men den største utfordringa har nok vore å bli kjend med nye folk i eit år med restriksjonar. Eg ønskjer meir utveksling i heile kommunen når det blir høve til det, seier Dimmen. Her på besøk på Grodås  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

2020 har vore eit spesielt år for dei fleste, også for Sølvi Dimmen (52) som kan sjå tilbake på sitt første år som ordførar - og det i ei heilt ny kommune. Ved inngangen til 2021 er det koronatesting og smitteførebygging som i stor grad opptek ordføraren som vil rose folk for å stå i den nasjonale dugnaden som må halde fram i lang tid framover.