Nye, strenge koronarestriksjonar i kyrkja:

Avlyser alle gudstenester

Nye, strenge koronarestriksjonar gjer at Kyrkja i indre Nordfjord avlyser alle gudstenester. Gravferder går som før med inntil 50 personar, men det er ikkje lenger lov til å møte opp ute og følgje til grava.

Ikkje gudstenester: Etter at dei nye, strenge koronatiltaka vart innførte vert det ikkje halde vanlege gudstenester i indre Nordfjord. - Vi arbeider med alternativ, seier sokneprest Henny Koppen. 

Det er diverre ikkje lenger høve til å møte opp utanfor kyrkja og fylgje til grava. 50 er eit absolutt tal

Henny Koppen
Nyhende

– Vi har diverre fått melding om at vi ikkje kan samle meir enn 10 personar i kyrkjene våre, utanom dei kyrkjelege medarbeidarane, fram til 18. januar. Då ser vi at det blir meiningslaust å arrangere gudsteneste, seier sokneprest Henny koppen.