Johannes Thingnes Bø tok verdscupsiger nummer 50:

- Dobbeltsiger med Tarjei er det eg likar best

Dobbel Bø: Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø sikra seg eit godt utgangspunkt framfor jaktstarten laurdag.   Foto: Ragnar Singsaas

Nyhende

Julefeiring saman på hytta på Skeikampen såg ut til å vere rette oppskrifta for Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø før årets første konkurransar i Tyskland.

Stryningane sørga for dobbeltsiger på verdscupsprinten i Oberhof fredag. Sturla Holm Lægreid vart nummer tre og sikra norsk storeslem på pallen.

Dette var Johannes Thingnes Bø sin 50. siger i verdscupen totalt.

Verdscupleiaren gjekk eit gnistrande langrenn og skaut feilfritt på liggande skyting. På ståande vart det ein bom. Tarjei fekk på si side ned alle ti blinkane, og ut frå ståande låg han i tet, 3,3 sekund føre Johannes.

Inn mot mål vart det tøft, og Tarjei gjekk over målstreken 10,8 sekund bak Johannes.

- Dobbeltsiger med Tarjei er det eg likar best, sa Johannes til NRK etter løpet.

- Eg er i god form, og eg har trent godt i jula saman med Tarjei.

- Det var ein hard duell mot Johannes, og eg følte at det kunne halde hardt. Men eg gjekk alt eg hadde, sa Tarjei etter løpet.

Med dagens resultat har bøarane eit særs godt utgangspunkt før jaktstarten laurdag.