LEIAR:

Eit svært alvorleg angrep på demokratiet

Frå storminga av kongressbygget i Washington D.C.   Foto: Skjermdump frå NRK si nyheitssending

At USA skulle få ein president med eigenskapane til ein diktator, er meir enn skremmande

Nyhende

Nyheitssendingar på TV har sjeldan hatt større oppslutning enn onsdag kveld. Då skjedde det ingen skulle tru var mogleg eller kunne skje: Ein stor mengde pøblar gjorde seg til kriminelle og braut seg inn i kongressbygningen i Washington D.C, avbraut siste jobb med å godkjenne presidentvalet i USA og stod for ei skjending og eit hån av sjølve demokratiet.