Høie: - Tek kritikken frå kommuneoverlegane på største alvor

Kommuneoverlege i Stryn, Marius Solbakken, og 58 kollegaer gav helsestyresmaktene kraftig kritikk for dårleg og manglande informasjon i ein kronikk nyleg. Helseministeren svarar at han tek kritikken på største alvor.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie Foto: Statsministerens kontor  Foto: SMK

Nyhende

Kronikken, der kommuneoverlegane mellom anna viser til at kommunane ikkje blir varsla på førehand kva som kjem av nye tiltak og innstrammingar, og at dei heller ikkje blir varsla om at at regjeringa skal presentere nye tiltak i ein pressekonferanse. Etter pressekonferansane, som gjerne blir haldne i beste "nyheitstid", fredag kveld eller søndag, strøymer de tpå med spørsmål til kommunane frå organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar - utan at kommuneoverlegane har fått noko meir informasjon enn nokon andre.