Helse Møre og Romsdal:

Strammare restriksjonar ved besøk

Helse Førde held fram med sine retningslinjer

Volda sjukehus 

Nyhende

Grunna smittesituasjonen etter jul har både Helse Møre og Romsdal og Helse Førde stramma inn reglane for besøk på sjukehus og institusjonar. Pårøyrande må nytte munnbind ved besøk på sengepost, og pasientar kan ha eitt besøk med maksimalt to personar per dag.

Leiargruppa ved Helse Møre og Romsdal har vedtatt å innføre besøksrestriksjonar ved institusjonane fram til og med 18. januar.

- Vi går attende til avgrensingar til eitt besøk med maksimalt to personar til kvar pasient kvar dag og ein halv time varigheit. Ved besøk til pasientar på fleirsengsrom, kan det berre vere besøk til ein pasient om gangen. Alle besøk skal avtalast på førehand.

Restriksjonane gjeld ikkje kritisk sjuke og/eller døyande. Det vert uendra rutiner ved føde-/barsel i HMR, fortel fagdirektør Torstein Hole til Sunnmørsposten.

Det er også plikt til bruk av munnbind for besøkande til innlagde pasientar i same periode, men det er ikkje plikt for pasientar med polikliniske avtalar eller andre besøkande å nytte munnbind.

- Tenk ein ekstra gang om du må på besøk

Helse Førde har ikkje stramma inn reglane for besøk etter nye nasjonale restriksjonar, men oppmodar dei besøkande om å tenke seg om ein ekstra gang om det finnst alternativ til fysisk besøk.

- Vi har allereie strenge retningslinjer og vi erfarar at folk er flinke til å følge dei. Om dei må strammast inn vil vi vurderer fortløpande. Dei som verkeleg har behov for å komme på besøk er velkomne om dei følgjer gjeldande retningslinjer, seier kommunikasjonssjef ved Helse Førde, Terje Ulvedal.

Han viser til helseføretaket sine gjeldande retningslinjer;

  • Ring til avdelinga i god tid på førehand og gjer ein klar avtale om tidspunkt.
  • Kvar pasient kan motta to besøk i døgnet, etter vurdering av lege eller sjukepleiar ved avdelinga. Sjekk dette før du kjem.
  • Merk at besøket er tidsavgrensa. Til pasientar på fleirsengsrom skal det vare maksimalt ein halv time, besøk til pasient på enkeltrom skal vare maksimalt ein time.
  • Sjukehusavdelinga kan gjere unntak frå dette ved alvorleg sjukdom eller skade der situasjonen er livstruande. Men også dette skal vere avklart på førehand.
  • Den besøkande må vere frisk, og det vert stilt spørsmål om helsetilstanden til den besøkande. Slik unngår vi at inneliggande pasientar vert utsett for smitte.
  • Besøkande skal gå direkte til sengeposten/avdelinga etter at tilgangen er kontrollert og handvask/spriting av hender er gjort.
  • Vidare skal ein halde avstand på ein, helst to meter til pasientar og helsepersonell.
  • Også ved polikliniske besøk der ein følgjer ein pasient stiller vi krav om førehandsavtale og gjennomgang av helsetilstanden til følgjet.