Varslar betydeleg skredfare

- Unngå ferdsel i skredterreng

Illustrasjonsfoto Det er varsla faregrad 3; Betydeleg skredfare både i Indre Fjordane og på Sunnmøre i helga  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Det har vore stabilt og kaldt ver siste tida med liten fare for snøskred, men laurdag aukar faren for snøskred. Varsom.no melder om betydeleg skredfare (faregrad 3) både for Indre Fjordane og Sunnmøre laurdag.

Ved faregrad 3 bør ein unngå ferdsel i skredterreng

- Det er svært lett for ein skiløpar å løyse ut skred i fersk fokksnø. Nytt vedvarande svakt lag høgt i snødekket gjer at skred kan løsne av seg sjølv. Skredfaren vil auke etterkvart som vinden aukar. Det er venta størst skredfare på ettermiddagen. Mest utsatt terreng er formasjonar som samlar snø i le for sørvestleg vind. Ver særlig merksam på mjuke flak. Oppsprekking er tydelege fareteikn, heiter det i varselet for indre Fjordane laurdag.

Også på Sunnmøre og store delar av sør Norge elles er det betydeleg skredfare i helga.