Stryn Vinterski opna juniortrekket laurdag:

– Meldingar om meir snø er søt musikk i øyra mine

Dagleg leiar Frode Briksdal ved Stryn Vinterski hadde god grunn til å smile breitt då juniortrekket opna laurdag.

Full aktivitet: Dagleg leiar ved Stryn Vinterski, Frode Briksdal, kunne glede seg over godt besøk då juniortrekket opna for sesongen laurdag.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Dei første var på plass i 10-tida då vi opna fortel Briksdal. Det har vore stor aktivitet ved skisenteret, og siste halvannan veke er det produsert 40.000 m³ med kunstsnø takka vere gunstige forhold med temperaturar ned mot 10 minus.