Bergit (91) har strikka til både OL- og VM-vinnarar

Bergit Gullbrå frå Ytrehorn i Hornindal er ei nevenyttig dame. I sitt 92. år strikkar ho framleis ivrig. Og strikkinga har ikkje berre vore hobby, ho har strikka for både Husfliden og Dale Fabrikkar. Det er ikkje få verdsmeistrar ho har strikka genser til, best hugsar ho genseren til OL-vinnar Harald Grønningen!

Har strikka til meistrane: Fleire oppdaga etter kvart at Bergit var dyktig med strikkepinnane, og ho har strikka for både Husfliden og Dale Fabrikkar. Det er ikkje få VM- og OL-meistrar som har gått med genser frå Bergit. Best hugsar ho genseren til Harald Grønningen, dobbelt OL-vinnar i Grenoble i 1968. 

Nyhende

Bergit, som bur i Eksingedalen, har mykje på hjarta, er rask i replikken og røysta er sterk og bestemt. Ho har gode dagar saman med pusen – og ho strikkar sokk etter sokk. 15 oldebarn har ho, og alle i familien treng labbar.