Startar vaksinering i Hornindal komande veke

Først ut i Hornindal Bebuarar ved Hornindal omsorgssenter er først ut med å bli vaksinert mot korona   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Onsdag kveld kom dei første 40 dosane med koronavaksine til Volda kommune, og torsdag begynte vaksineringa ved Volda Omsorgssenter, utført av dei tilsette.

Neste forsyning av vaksinar går til bebuarar ved Hornindal omsorgssenter og til kritisk helsepersonell neste veke, opplyser ordførar Sølvi Dimmen.

Kva dag det blir er enno ikkje avklart.