Volda kommune melder:

Totalt 58 sett i karantene

Treningssenteret ligg i topp-etasjen på Spinneriet i Volda. Den smitta - som har ukjende smittekjelde - var der på trening to dagar denne veka - tysdag 5. og onsdag 6. januar.   Foto: Møre-Nytt

Nyhende

Volda kommune kom med ei oppdatering på koronasituasjonen laurdag.

Personen som har testa positivt på Covid-19 var på Family Sport Club om kvelden 5. og 6. januar. 8 deltakarar på ein gruppetime er sett i karantene. Alle som har vore på treningssenteret på tidspunkta som er nemt over, må følge ekstra nøye med på mulige symptom og ha låg terskel for å teste seg.

Det er no 58 personar i karantene. Smittekjelda er ukjent og ein arbeider med å finne smittekjelda. Fordi det er ukjent smittekjelde må alle vere ekstra på vakt og ha låg terskel for å teste seg, skriv kommunen i ei pressemelding.