Farga vatn i springen?

Uhell på sprinkleranlegg i Stryn sentrum

Illustrasjonsbilde.  Foto: Arkiv

Nyhende

Stryn kommune har sendt ut melding til abonnentar etter eit uhell med eit sprinkleranlegg i Stryn sentrum laurdag ettermiddag.

- Det har vore eit uhell med ein sprinkelventil ved Bøahagen. Det er uvisst korleis dette har skjedd, men ein del grums har blitt drege med i røyra. Uhellet vart registrert i kommunen sitt system i 15.40-tida, og kommunen sine VA-vakter har vore i sving, seier kommunalsjef teknisk i Stryn, Jan Flore laurdag kveld.

- Lat ei kaldvasskran renne til det blir klart viss du får farga vatn. Vatnet er trygt å drikke, skriv mellom anna kommunen i si melding.