Vinterdekk stetta ikkje krava - 8.000 kroner i gebyr

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Statens vegvesen hadde kontroll ved Kjøs bru fredag. Av dei 109 køyretøya som var innom kontrollplassen vart 23 av dei kontrollerte nærare.

Ifølgje Statens vegvesen sin rapport fekk ein lastebilsjåfør 1.200 kr i gebyr for ikkje å ha med tilstrekkeleg med kjetting under køyring. Ein sjåfør fekk 8.000 kr i gebyr for ikkje å ha godkjende vinterdekk på bilen sin. Sjåføren hadde fire dekk som ikkje var godkjende etter dei gjeldande krava.

Ein lastebileigar fekk mangellapp fordi underkøyringshinderet på bilen var defekt, og eitt vogntog som transporterte fersk fisk hadde avrenning frå lasta. Han vart parkert og måtte stå til det slutta å renne vatn frå lasterommet.

I ein kontroll laurdag fekk ein sjåfør pålegg om å rydde i siktsona, og ein sjåfør måtte smørje svingskiva på køyretøyet før vidare køyring.