Fjordingen sin årskavalkade for 2020 - desember:

Kåre vart redda av turkameraten Svein

Kameratar: Kåre Bøe (t.v.) takkar kameraten Svein Ørjasæter som kan ha redda livet hans 4. desember. – Hadde eg vore åleine då dette skjedde, så kunne det blitt fatalt. Eg tvilar på at eg kunne stoppa blødinga så effektivt sjølv, seier han. Ørjasæter trur dei fleste ville gjort det same i ein slik situasjon. Han ser allereie fram til å ta med seg Kåre på topptur igjen, for det skal dei. Sjølv med denne erfaringa friskt i minne, vil dei ikkje rå folk ifrå å gå på toppturar, tvert i mot. – Å liggje i sofaen er farlegare, seier Svein.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

1. Gode kritikkar på Opera Nordfjord si oppsetjing av Reisa til Julestjerna.