Krevjande arbeidsdagar på omsorgssentera

Dei tilsette i omsorgssentera i Stryn kommune har hatt endå meir krevjande arbeidsdagar etter at koronaepidemien braut ut for snart eitt år sidan.

– Vi prøver å gjere kvardagen så normal som mogeleg for brukarane. Ein kjem langt med eit smil, godt humør og det å ha tid til ein prat. Vi må berre halde ut, alt blir bra, seier frå venstre Kari-Anne Tisthamar Haveland, Kristine D. Raad, Caroline Lindvik Gjerde og Kari Runde. 

All ære til personalet som yter slik god omsorg når kvardagen er utfordrande!

Ein pårørande ved omsorgssenteret i Innvik
Nyhende

Dei arbeider med ei særs sårbar gruppe. Kva har endringane i kvardagen medført, og korleis reagerer bebuarane?