Samanlagtlista i verdscupen minner meir om eit norsk meisterskap

Johannes Thingnes Bø er i tet samanlagt.  Foto: Manzoni/IBU

Nyhende

Samanlagtlista i verdscupen i skiskyting for menn minner til no meir om eit norsk meisterskap enn noko anna, med heile fire nordmenn først på lista.

Fjorårsvinnar Johannes Thingnes Bø er i tet med 522 poeng. Sturla Holm Lægreid ligg på andreplass med 481 poeng, deretter følgjer Johannes Dale på tredjeplass med 434 poeng og Tarjei Bø på fjerdeplass med 423 poeng.

Blant damene er det også heilnorsk i toppen, med Marte Olsbu Røiseland på førsteplass (509 poeng) føre Tiril Eckhoff (466 poeng).

Ingen av bøarane gjekk mix-stafetten over 4x6 kilometer søndag, men Johannes gjekk single mix stafett seinare på dagen saman med Tiril Eckhoff. Både Johannes og Tiril måtte etter kvart ty til fleire ekstraskot, og Tiril Eckhoff måtte sågar tre rundar i strafferunden. Johannes skaut fullt på siste ståande, og sikra den norske duoen tredjeplassen bak Frankrike og Sverige.

Verdscupen i skiskyting held fram i Oberhof også komande veke. Då står sprint (onsdag), stafett (fredag) og fellesstart (søndag) på programmet for brørne Bø og konkurrentane.