– SFO-løysing endrar ikkje vårt syn

Protest: Skulekrinsgrensene i Austefjord har vore den heitaste poteta i Voldapolitikken. Janita Førde seier at ho med fleire ikkje vil endre syn i saka om nytt SFO-løysing kjem på plass.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Forslaget om SFO i Austefjord er provoserande, meiner Janita Førde i Austefjord om SFO-løysinga som kommunalsjefen no utarbeider. Til Møre-Nytt fortel ho at foreldre i Austefjord framleis vil at borna skal gå på Øyra skule i Volda sentrum.

– Etter tidlegare signal har vi ant at dette var ei løysing dei ville komme med knytt til avbøtande tiltak, men det endrar ikkje vårt syn på saka, seier ho til avisa.

Saka om kor elevane ved Austefjord skule skal gå på skule til hausten er av dei mest debatterte sakene i Volda-politikken og har delt kommunestyret på midten.


Volda kommunestyre:

Kniving om skulekrinsgrensene ved Kviven

Halvannen time med debatt måtte til før vedtak vart fatta av eit delt kommunestyre


Foreldre til femten av atten elevar ved Austefjord skule har sagt ifrå at dei vil at barna skal gå på skule i Volda sentrum.