Fryktar nedbygging av ambulansetilbodet

Helsedirektoratet skal ikkje lenger sjekke om kommunar innfrir det nasjonale tidskravet for ambulansar. Det kan føre til ambulansekutt, fryktar forbund.

Illustrasjon  Foto: Roger Oldeide/Arkiv

Nyhende

– Denne endringa vil heilt sikkert føre til ei nedbygging av ambulansetilbodet, og dermed gjere det meir utrygt for folk i distrikta, seier leiar Ola Yttre i Ambulanseforbundet i Delta til Adresseavisen, som først omtalte saka.

Sidan 2013 har Helsedirektoratet publisert målingar av responstida av ambulansar ute i kommunane. Men etter protestar frå Helse Midt-Noreg på sjølve målemetoden for statistikken, valde Helsedirektoratet hausten 2018 å avpublisere tala mellombels.

Ifølgje dei rettleiande responstidene, som vart vedtekne av Stortinget i 2000, skal ambulansen vere framme innan 12 minutt i tettbygde strøk og innan 25 minutt i grisgrendte strøk i 90 prosent av hendingane.

Men i den nye målemetoden som no blir lansert, skal det ikkje lenger sjekkast om Stortingets tidskrav blir innfridd på kommunenivå. I staden skal det målast om det nasjonale responstidkravet blir innfridd for befolkninga i kvart helseføretak. Og heller enn å måle kor fort ambulansane når fram i nitti prosent av akuttoppdraga, skal det lagast ei snittmåling på bakgrunn av halvparten av utrykkingane.

Steinar Olsen i Helsedirektoratet meiner det i utgangspunktet var feil å publisere responstida på kommunenivå.

– Måling på kommunenivå strammar til tidskravet meir enn kva som var tenkt då responstidmåling vart innført, seier han til avisa.

(©NPK)