Koronasmitte i Stryn - 19 vart testa søndag

  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Ein person i Stryn kommune testa positivt for koronavirus søndag føremiddag. Personen har éin nærkontakt i Stryn og seks nærkontaktar i Stad kommune. Dei er testa og sett i karantene. Personen er nærkontakt med smittetilfellet i Volda kommune som var påvist fredag. Det er usikkert kvar smitten til tilfella i Stryn og Volda stammar frå, og av den grunn vart 19 personar i Stryn testa søndag. Dette er personar som har vore i kontakt med dei to smittetilfella veka før desse to fekk symptom. Vi jobbar tett med kommuneoverlegen i Ørsta/Volda for å finne smittekjelda.

Eitt barn på Tonning skule, eitt barn i Stryn bedriftsbarnehage, eitt barn i Tonning barnehage og to born i Vikalida barnehage held seg heime til vi får svar på testar tatt søndag føremiddag. Desse testane får vi sannsynleg svar på måndag kveld. Det same gjeld for ein tilsett ved Olden skule, ein tilsett ved Stryn Helsesenter og to tilsette ved Stryn omsorgssenter. Dette etter ei føre-var-vurdering tatt søndag. Slik situasjonen er no, er det ikkje grunnlag for å setje i gong andre tiltak. Søndag kveld er det ikkje styrka mistanke om at smitten stammar frå Stryn.

Kommunen fekk også søndag kveld informasjon om at ein person som har kome tilbake frå eit land med høgt smittepress laurdag har fått påvist koronavirus etter obligatorisk test tatt ved ankomst Norge. Denne personen har vore i karantene etter at vedkomande kom til Stryn, og eit husstandmedlem er no sett i karantene. Totalt er to personar i kommunen stadfesta med koronavirus søndag, opplyser Stryn kommune.