Olav Helge Svår fekk ideen under fjøsstellet og gjekk rett inn og teikna:

Teikna eige fjøs med kombinasjon av nytt og gammalt

Olav Helge Svår i Hornindal gjekk med planar om å bygge nytt fjøs. Ein dag han stelte kyrne i det gamle fjøset, eit grindverksbygg frå rundt 1900, slo det han at han kunne kombinere nytt med gammalt. Som tenkt så gjort: Han gjekk inn og teikna skisse til nytt fjøs. Deretter har det gått i rekordfart.

Nyefjøsen: Olav Helge Svår og eldstedottera Ingeborg (19) i nyefjøsen, som rommar kalvingsbingar, kalvar og kviger. Her har Ingeborg ansvaret fram til ho skal i militæret.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Innovasjon Norge sa ja til prosjektet og innvilga tilskot før jul 2019, og i oktober/november 2020 kunne første dyra flytte inn. Totalkostnaden vart på 4 millionar kroner.