Riccovero:

Tilbake i flytsona med stretchy stoff og framtidstru

Tvil og mismot er bytt ut med framtidstru og optimisme. Riccovero er tilbake i flytsona.

Stolte: Finn Einar Kvamme og kona Kjersti er nøgde med kvar dei er komne etter konkursen i Riccovero i vår. Færre eigne butikkar og litt grep i høve kolleksjonane har synt seg å gje resultat. – No er vi i flytsona, slår ekteparet fast, og spanderer på seg eit godt smil. 

Vi skal bli flinkare på ein del produkt ut frå den endra situasjonen

Nyhende

– Mange tenkjer at vi starta opp att i september då butikkane opna, men det var gjort ganske mykje jobb før det. Det er ikkje berre å trykke på ein knapp og så er ein i gang att, seier Finn Einar Kvamme.