Volda kommune:

Vil ikkje ta del i brøyterekninga

Harevadet Vel meiner hytteeigarane betalar for brøyting til kommunalt høgdebasseng.

Holebakkane vassverk: Harevadet Vel vil at kommunen skal ta sin del av rekninga for brøyting opp til dette kommunale høgdebassenget øvst i Harevadet hyttegrend.   Foto: Arkivfoto Bengt Flaten

Nyhende

På toppen av Harevadet hyttefelt er eit kommunalt høgdebasseng som forsyner både fastbuande i Hornindal og hyttefeltet med vatn. Velforeininga ønskjer å dele rekninga på brøyting av denne vegparsellen. I eit brev til kommunen skriv interesseforeininga for tomte- og hytteeigarar i Harevadet Hyttegrend at inntektene deira er basert på medlemskontingent som i hovudsak går til å dekke vedlikehald av veg. Kontingenten pr. i dag er 3.500,- pr. tomt/ hytte.