Vogntog måtte til reparasjon i Stryn

Kontroll: Eitt vogntog store sprekker i bremseskivene framme.   Foto: statens vegvesen

Nyhende

Statens vegvesen hadde kontroll ved Kjøs bru søndag.

Ein sjåfør fekk 2.000 kr i gebyr for ikkje å ha godkjent vinterdekk på bilen sin. Bilen hadde eitt dekk som ikkje var godkjent etter krava. Ein sjåfør fekk køyreforbod til underkøyringshinderet på bilen var rett plassert.

Eitt vogntog som hadde store gjennomgåande sprekker i bremseskivene framme på trekkbilen. Bilen vart frakta til verkstad i Stryn.