Fjordingen ein dag forseinka for mange

Fjordingen blir ein dag forseinka for mange abonnentar.

Fjordingen for tysdag 12. januar vert ein dag forseinka for mange av abonnentane våre. E-avisa er tilgjengeleg som vanleg.   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Dei avisene som går med Posten til lokale abonnentar, har av ukjent årsak blitt ståande att på trykkeriet i Ålesund. Difor kjem papiravisa til mange av abonnentane våre dessverre ikkje ut i dag. Posten lovar å køyre avisene ut onsdag. Dette gjeld alle abonnentar i Stryn kommune og nokre abonnentar i Hornindal og andre delar av Nordfjord. Dei av abonnentane våre som får Fjordingen med bud, får avisa som normalt.

Vi beklagar sterkt, og oppfordrar i mellomtida abonnentane våre om å lese e-avisa. Den er tilgjengeleg for alle abonnentane våre.

Bengt Flaten, redaktør