Her startar koronavaksineringa torsdag

Hornindal Omsorgssenter  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Onsdag kjem nye koronavaksinar til Volda kommune og torsdag morgon begynner vaksineringa av bebuarar ved Hornindal omsorgssenter der alle får tilbod om vaksine, opplyser ordførar Sølvi Dimmen.

Vaksineringa i kommunen begynte torsdag førre veke ved Volda omsorgssenter. Bebuarane der som enno ikkje er vaksinert får vaksine neste veke, opplyser kommunen.