Samanstøyt mellom to vogntog

To vogntog har støytt i hop ved Kjøs bru.

To vogntog støytte saman i krysset ved Kjøs bru tysdag kveld.   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Naudetatane rykka ut då to vogntog i kveld støytte saman i krysset ved Kjøs bru.

Fjordingen har snakka med den eine sjåføren, som fortel at begge vogntoga kom frå Eid og skulle svinge av i retning Grodås.

Det første vogntoget stoppa i krysset for møtande trafikk. Vogntoget bak klarte ikkje å stoppe på det glatte føret, og køyrde inn i vogntoget framfor.

Det vart noko materielle skadar på begge køyretøya.

Sjåførane er sett til av ambulansepersonell på staden.

I følgje politiet hadde begge vogntoga låg fart, og det er ikkje meldt om alvorleg personskade.

Begge køyretøya kom seg for eigen maskin inn på kontrollplassen ved sidan av vegen.

Naudetatane rykka ut etter samanstøyten. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade.   Foto: Bengt Flaten

Vegen er open, men der er ein del oljesøl på staden, åtvarar politiet.