Fem nye framsyningar med Teater Vestland

I januar tok Cecilie Grydeland Lundsholt over som sjef på Teater Vestland, og teateret presenterer fem nye framsyningar i vår.

NY teatersjef: Cecilie Grydeland Lundsholt tok over som teatersjef på Teater Vestland i januar.  Foto: Espen Nyttingnes

Nyhende

I 2021 opnar Teater Vestland, regionteateret i Sogn og Fjordane, ei ny turnerute. Her er det ei brei satsing på teater for barn og unge, og ei utforsking av teater utanfor den tradisjonelle teatersalen.